Åpenhetsloven

Åpenhetsloven - Vurdering av aktsemd SPERREFISH AS

Utgreiing av aktsemdvurderingar rundt openheit og arbeid med grunnleggande menneskerettigheiter og anstendige arbeidsforhold.

Sommaren 2022 vart åpenhetsloven vedteken i Stortinget. Formålet med loven er å fremje verksemders respekt for grunnleggande menneskerettigheiter og anstendige arbeidsforhold knyta til produksjon av varer og levering av tenester, samt sikre allmennheita sin tilgang på informasjon om korleis verksemder handterer både potensielle og faktiske negative konsekvensar.

Sperrefish-konsernet ser på arbeidet med åpenhetsloven som ein naturleg del av arbeidet med berekraft. Vi erkjenne at vår verksemd kan ha negativ påverknad på grunnleggande menneskerettigheiter og anstendige arbeidsforhold. Vi ønsker å arbeide målretta, slik at vi kan forebygge, avgrense eller stanse aktivitetar som bidrar til negative konsekvensar.

Plikt om aktsemdvurdering
Aktsemdvurderinga i åpenhetsloven skal utførast i tråd med OECDs retningslinjer for ansvarleg næringsliv. Prosess er illustrert i figur 1.

aktsemdvurdering
Figur 1. OECDs retningslinjer for ansvarleg næringsliv.

Plikt om utgreiing av aktsemdvurderingar

I tråd med føremålet om å fremme større openheit om risiko rundt grunnleggande menneskerettigheiter og anstendige arbeidsforhold, påleggjast Sperrefish-konsernet å offentleggjere ei utgreiing av aktsemdvurderingar som er gjennomført. Utgreiinga skal minimum innehalde:

  • Generell beskriving av verksemdas organisering, driftsområde, retningslinjer og rutinar for handtering av potensielle og faktiske negative konsekvensar for grunnleggande menneskerettigheiter og anstendige arbeidsforhold.
  • Opplysningar om potensielle og faktiske negative konsekvensar som verksemda har avdekka gjennom arbeidet med aktsemdvurderingar.
  • Opplysningar om tiltak som verksemda har iverksett eller som verksemda planlegge å setja i verk for å avgrense vesentleg risiko for negative konsekvensar eller stanse faktiske negative konsekvensar, og resultatet eller forventa resultat av desse tiltaka.
    Dette dokumentet er utarbeida for å oppfylle Sperrefish-konsernet si plikt til å utgreie for aktsemdvurderingar for 2022 etter åpenhetslovens § 5.
    Utgreiinga skal oppdaterast og offentleggjerast innan 30. juni kvart år eller ved vesentlege endringar i verksemdas risikovurderingar.

Dette dokumentet er utarbeida for å oppfylle Sperrefish-konsernet si plikt til å utgreie for aktsemdvurderingar for 2022 etter åpenhetslovens § 5.

Utgreiinga skal oppdaterast og offentleggjerast innan 30. juni kvart år eller ved vesentlege endringar i verksemdas risikovurderingar.

 

Sperrefish-konsernet si utgreiing av aktsemdvurderingar for 2022

Generell beskriving av verksemdas organisering og driftsområde

Sperrefish-konsernet er organisert på følgande måte:

 Sperrefish

Aktiviteten består i alle hovedsak av kjøp, foredling, pakking og salg av fisk, og skjer i all hovedsak på fabrikker på Fiskerstrand, Bud og Ellingsøy.

Det øvste ansvaret for at krava i åpenhetsloven blir fylgt ligg hos styret og i leiargruppa. Dagleg leiar i Brødrene Sperre AS organisera arbeidet omkring lova. Tilsette som står for innkjøp av varer og tenester i verksemda har og viktige roller.

Retningslinjer og rutinar for handtering av potensielle og faktiske negative konsekvensar for grunnleggande menneskerettigheiter og anstendige arbeidsforhold.

Vesentlege risikoområder i eigen verksemd og tiltak for å avgrense risiko

Det er vurdert dit hen at det ligg føre låg risiko for negative konsekvensar opp mot grunnleggande menneskerettigheiter og anstendige arbeidsforhold i eiga verksemd.

Sperrefish-konsernet si overordna tilnærming for å oppfylle plikta til å respektere grunnleggande menneskerettigheitar og anstendige arbeidsforhold blir styrt gjennom verksemdas etterleving av norsk lovverk. Arbeidet med berekraft omfattar både eiga verksemd og leverrandørkjeda.

Sperrefish-konsernet er ei norsk bedrift lokalisert i Noreg, og følgeleg omfatta strenge lovverk for styring og drift. Verksemda følg, i tillegg til åpenhetsloven, norsk lovverk for helse, miljø og sikkerheit. Dei tilsette sine arbeidsvilkår er sikra gjennom tariffavtalar. Verksemda er tilknytt bedriftshelseteneste. Det føreligg eit avvikssystem kor dei tilsette kan varsle og får fulgt opp hendingar eller forhald som meldes inn. Det er utarbeidd særskilde retningslinjer for varsling. Status på likestilling blir kartlagt og rapportert etter likestillings- og diskrimineringsloven.

Sperrefish-konsernet er i gang med å gjennomgå og eventuelt opprette nye retningslinjer som er i tråd med åpenhetsloven og OECDs retningslinjer. Retningslinjene skal omfatte heile verksemda, leverandørkjeda og forretningspartnarar, og minimum omfatte korleis Sperrefish-konsernet skal opptre ansvarleg, samt forventningar og krav til leverandørar og forretningspartnarar, og korleis aktsemdvurderinga skal gjennomførast. Nytilsette får utlevert etiske retningslinjer som dei må lese før oppstart i arbeid.

 

Opplysningar om potensielle og faktiske negative konsekvensar som verksemda har avdekka gjennom arbeidet med aktsemdvurderinga.

Sperrefish-konsernet respektera grunnleggande menneskerettigheiter, og som eit ledd for å sikre anstendige arbeidsforhold, både i eiga verksemd, men også ute blant leverandørar og forretningspartnarar, gjennomførast risikobaserte aktsemdvurderingar. Det er viktig å understreke at når Sperrefish-konsernet operera med risikoar som omhandlar menneskerettigheiter, så gjeld ikkje risikoen for verksemda, men for dei menneska som det gjeld.

Ein skal vurdere kven som kan oppleve faktiske og potensielle konsekvensar, og slik ta stilling til om nokons rettigheiter bli skadelidande som eit resultat av våre handlingar.

 

Vesentlege risikoområder i leverandørkjeda og hos forretningspartnarar, og tiltak for å avgrense risiko.

 

Sperrefish-konsernet er i ferd med å gjere ei risikovurdering av leverandørar og forretningspartnarar. Ut i frå prinsippet om vesentlegheit, vart det i første omgang beslutta å vurdere leverandørar med eit årleg kjøpsomfang over nasjonal terskelverdi på 1,4 mnok pr. år.

 

Det vart knyta låg, middels eller høg risiko til leverandørane, jfr. tabell 1. Risikovurderinga var basert på kvar bransje leverandøren høyrte til, kva geografisk område leverandøren haldt til i eller kva geografisk område varer vart produsert, kva type produkt som eventuelt vart kjøpt, og eventuelle risikoar knyta til bestemte verksemder.

 

Tabell 1. Låg, middels og høg risiko for risikovurderte leverandørar, samt planlagde tiltak.

 

Tabell

Spørjeskjema vil bli utforma og sendt ut etter sommaren. For leverandørar med høg risiko vil dialog og dokumentasjon bli utført basert på kva svar Sperrefis-konsernet får frå innsendte spørjeskjema.

Dersom det blir oppdaga vesentleg risiko for brot på grunnleggande menneskerettigheiter og anstendige arbeidsforhold vil Sperrefish-konsernet setja i verk tiltak for å hindre at skaden skjer. Der det eventuelt blir oppdaga brot på grunnleggande menneskerettigheiter og anstendige arbeidsforhold vil verksemda setja i gong tiltak som for å avgrense skadeomfanget som følgje av brotet, og ved dei mest alvorlege bota, stanse aktiviteten som bidrar til negative konsekvensar.

 

Firma Informasjon

Hopen Fisk AS
Hopsveien 42
NO-8310 Kabelvåg
Tlf.: 76067440
E post: post@hopenfisk.no
Org.nr./VAT: 992 854 456
Ansatte: Link til Kontaktinformasjon

Besøk oss på Facebook!

Åpenhetsloven

Se vår Brosjyre

Vår BrosjyreTrykk på bildet for å se på vår brosjyre.